Kristine Brodersen

Utstillingen ÅTTE DAGER består av skulpturer i stein, tre og bronse. Figurene kan fremstå som bilder i hvilke fantasi og virkelighet møtes og betydningen skifter.

 

Kristine Brodersen │ ÅTTE DAGER

25.05. – 19.06.2016

Det er ein underleg kombinasjon av standhaftig kontinuitet og overraskande variasjon i Kristine Brodersen sitt etterkvart mangfaldige skulpturunivers.
Kunstnaren forenklar formene ho arbeider med, slik at dei både nærmer seg det mytologiske, som ei slags urform, og samstundes har noko av det leikande over seg, det som ein til dømes kan sjå i barneteikningar.
DSC05428.JPG kopi kopi kopi
BLAD                                                                                                                                                                    Foto: Kristine Brodersen

Grepet med å la skulpturane få ein slags dagboksfunksjon, der ein skulptur = ein dag, kan ein kjenna att frå hennar utstilling ”22 dager” i Galleri Heer i 2015. Tanken på å uttrykkja og utforma ein dags opplevingar i form av ein enkeltståande skulptur, fascinerer ved at det blir så fortetta og poetisk, men òg fordi dei i si ekstreme forenkling strekkjer seg mot det umulige. Det desse skulpturane er, det dei seier til oss, vert utvida ved at her er så mykje usagt, så mykje som vert sagt med stilla sitt språk.

Ved å nytta material som stein, tre og bronse, og ved å la skulpturane framstilla elementære former som ei rot, eit lauv, eit tre eller eit hus, knyter ho an til jorda og kvardagens materialitet og livsform. Ved å skape ei slik spenning mellom det me omgir oss med til vanleg, og dei lange tradisjonane med forenklingskunst som ein mellom anna kan sjå i skulpturane til urfolk, vert arbeida til Brodersen lada med tid, tanke og den mangfaldige erfaring. Ein merkar at dei har denne tygda i seg som fordjuping i eit tema kan gi. Snøfnugg og innsekt skapar ein kontrast av flimrande uro. Men dette er som famna om og halden fast i det same universet som tyngda og roa skapar. Dette mangetydige paradokset kjem godt til uttrykk i den vakre, lyse treskulpturen ”Uro”, som sjølv om den går på små hjul og har små dører, utstråler ein stor fred.

Tekst av lyriker Helge Torvund.

Kristine Brodersen (f. 1953 i Fredrikstad) har sin utdannelse fra Kungliga Konsthögskolan i Stockholm, Statens Kunstakademi i Oslo og Statens Håndverks og Kunstindustriskole i Oslo. Hun har hatt en rekke separatutstillinger, deriblant på Galleri Heer, Telemark Kunstsenter, Kunstnerforbundet, RAM Galleri og Oslo Kunstforening. Brodersen har hatt utsmykningsoppdrag i Norge og i Sverige. Hun er innkjøpt av Norsk Kulturråd, Telenor, Landslaget for Kirkegårdskultur, Säter Kommune, Dalarnas Museum, Örebro Kommune, Riksgalleriet og Statens Konstråd i Sverige.

For mer informasjon: Kristine Brodersen 

Utstillingen er støttet av Norsk Kulturråd.

 

Personvern